Inn på tunet

Inn på tunet

Inn på tunet– Gullvegen Gardstun som arena for den positive opplevinga

Gullvegen Gardstun   skal vere ein stad som utgjer ein positiv skilnad. Vårt mål er at me i samarbeid med kommunar, NAV og andre kan skape ein plass for alle med små og store utfordringar i kvardagen. Her skal me ha stort fokus på glede og meistring, og ikkje minst skape ein trygg og god plass for dei som er her. Dette skal skapast i praktisk retta læring og arbeid forankra i tradisjonar og gullhistoria på garden og Lykling.


Gullvegen Gardstun har allsidig gardsdrift med husdyrproduksjon. Per dags dato har garden sau, storfe (skotsk høylandsfe) og geiter. Me har og fleire «populære» dyr som høns, gris og kaninar og for å underbyggja gardsopplevinga og variasjon. 


Allsidigheit er ein av grunnpilarane på garden – frå stell og tilsyn med dyr, til arbeid på åker, i hage og i skog, vedlikehald av maskinar og bygg, produksjon av ved, landskapspleie av kystlandskap, matlaging, handverk og friluftsliv.


Utover tradisjonell gardsdrift på garden skal me også ta utgangspunkt i kulturhistoria i gullgruveområdet på Lykling, der me har som mål å være ein aktør som formidlar og tek vare på den flotte kulturhistoria vår.


Folkehelse og livsmeistring er ein av grunn-pilarane i helse og omsorg. Desse verdiane er svært sentrale på Gullvegen Gardstun. På garden skal elevar/brukarar få arbeidstrening knytte til drifta og garden, der oppgåvene er tilpassa den enkelte sine ynskjer, behov og funksjonsevne. Målet er at oppgåvene og samspelet skal fremma læring og utvikling, både sosialt, relasjonelt og praktisk. Dei får og empatitrening, der responsen frå dyra står sentralt. Responsen hos dyra er spontan og ærleg og utan forhandsoppfatningar og bakgrunnsinformasjon. Det vil sei at brukarar slepp å ta omsyn til sin bakgrunn eller diagnose i samvær med dyra. Dette kan forenkla prosessen med å meistre ei oppgåve.

Inn på tunet-tilbodet på Gullvegen Gardstun gjeld hovudsakleg for:

Inn på tunet-tilbodet på Gullvegen Gardstun gjeld hovudsakleg for:
  • Skule og oppvekst
  • Aktivitetstilbod for personar med psykisk utviklingshemming/nedsett funksjonsevne
  • Psykisk helse/Arbeidstrening
Gullvegen Gardstun har siste året arbeidd målretta og hardt for å bli godkjent Inn på tunet – gard. Og no er godkjenninga frå Matmerk Norge på plass. Me er stolte av å vere den fyrste godkjente Inn på  tunet-garden i Bømlo kommune. 

Kva er ein Inn på tunet- gard?

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

Godkjente garder tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Det er mange ulike forskingsrapportar og erfaringar som viser positive effektar av denne typen tiltak:  Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og meistring av konkrete oppgåver på garden. Alt dette er med på forbetre kvardagen til dei som får tilbod frå Inn på tunet-gardsbruk

Dei viktigaste brukarane av tilbod frå Inn på tunet er:

 

  • Barn- og unge
  • Menneske med rusproblem
  • Funksjonshemma
  • Eldre

Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. Det er i dag godkjente Inn på tunet -gardsbruk over heile Noreg.

Oversikt

Filmar frå garden tilknytt vårt samarbeid og pilot-prosjekt i lag med Bømlo Kommune og Statsforvaltaren i Vestland.

Andre informasjonsfilmar tilknytt Inn på tunet

Kontaktinformasjon Inn på tunet:

Har du nokon du kjenner som inn på tunet tilbodet kunne passa, eller har du spørsmål angåande Inn på tunet tilbodet på Gullvegen Gardstun? Ta gjerne kontakt, og merk melding med «Inn på tunet». Sjå kontaktinformasjon nedst på sida, eller gå inn på fanen «kontakt» på sida vår for meir utfyllande kontaktinformasjon.
Share by: