Stormhyttene på Lykling

Stormhyttene på Lykling

Ta orkesterplass når naturen spelar opp til dans!

På historisk gullgravargrunn og tett på storhavet kan me love ei overnatting og sanseoppleving av dei sjeldne. Me vil gje deg eit minne for livet.

Velkomen skal du vera!

Kvifor besøke stormhyttene på Lykling?

Fyrst og fremst er stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. 

Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen!

Me ynskjer å gje deg eit lite og fint minne for livet!

Slik er stormhyttene

Den runde fasongen er basert på den tradisjonelle iglo- og gammeforma som er blitt brukt av menneske på Nordkalotten i fleire tusen år. Forma gjer at sterke vindkast ikkje finn nokon stad å ta tak, og at vinden dermed glir over. Dekket dei står på er forankra fast i fjellet med stormsikre pelar.


«Golden Eye-hyttene» har fått namna sine etter gullgruvestaden dei står på, - og heiter «GoldenEye North» og «GoldenEye South».


Dei er laga i spesiallaga, uknuselege glas og med isolert tregolv. Dei er innreia med smakfullt inventar med mål om at du skal få ei luksuskjensle tett på naturen. Her er sjølvsagt varmepumpe for oppvarming på kalde dagar og til kjøling på varme dagar.


Like utanfor finn du eit toalettrom med forbrenningstoalett og pumpevask. Inne i igloen finn du blant anna kjøleskap, kikkert, seng, stolar og Wi-Fi. Alt ligg til rette for ei god oppleving. Men den gode stemninga må du skape sjølv!

Vår visjon

På lag med naturen og historia til det beste for våre gjester!

Vår visjon er å spele på lag med naturen, historia, - og identiteten vår på Bømlo. Me skal vere nyskapande, men likevel ha ei berekraftig utvikling med omsyn til natur, terreng og historie. Med desse elementa skal me gje våre gjester gode og unike opplevingar!

Gode støttespelarar

Ein kjem sjeldan til mål utan gode hjelparar. Slik har det og vore for oss. Det er god hjelp i ein snill bestefar som kan svinga hammaren, - og flotte foreldre og svigerforeldre som alltid stiller opp.


Frå det offentlege har me fått viktig støtte på ulikt vis. Gjennom den Siva-støtta inkubatorordninga til Atheno har me fått god hjelp og rådgjeving. Dei har «dytta» oss framover og utfordra oss når me har hatt behov for det, og heia på oss når me har trengt det. Innovasjon Noreg har me opplevd som positive frå fyrste gong me presenterte planane våre, og dei har mogleggjort satsinga med finansiell støtte og rådgjeving.


Frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland fekk me støtte til eit forprosjekt i samband med hytteutviklinga. Og Bømlo kommune har vore positive heile vegen. Summen av dette motiverer oss til vidare satsing på gardsturisme her ute i havgapet på Bømlo!

Slik starta eventyret

Ein vill idé i 2017. Det var slik det heile starta. Kva om me kunne skapa ei unik overnattingsoppleving ulikt alt anna i Noreg? Me disponerte jo eit område der det mellom 1882 og 1910 vart drive gullgravarverksemd i stor stil. Fleire hundre mann arbeidde i gullgruvene her på det meste. Og dei fann over 200 kilo gull. I eit landskap som i våre auge er umåteleg vakkert. Konklusjonen var klar: Ja, - me kan lage ein av dei flottaste overnattingsstadane i Noreg! No i 2022 - etter naudsynte godkjenningar, uttestingar og tilpassingar er me klare for å ta i mot deg!

Share by: