Historia om oss

HISTORIA OM OSS «GULLTIDA, FISKARBONDEN OG GARDSLIVET»

Året er 1862. Ein liten gut klyv på bergnabbane vest på Lykling. Han kikkar utover. Er det ei stor seglskute han ser langt der ute? Han må fortelje det til kameratane. I det gutungen hoppar ned frå berget treff treskoen bakken med stor kraft. Noko han ikkje har sett før kjem til syne. Guten plukkar opp den vesle klumpen. Det er gull han har funne. Nokre tiår seinare er det klondikestemning på Lykling. Det vert bora og sprengt i fjell, fantasisummar blir investert, på sjøen ligg losjiskip av den fargerike sorten, bakeri vert hotell, og fleire hundre kappast om å finne gull på Lykling.

Året er 2019. Ved ein av kvartsgangane i det tidlegare gullgruveområdet ligg Gullvegen Gardstun. Ein av dei mest idylliske plassane i Sunnhordlands barskaste natur. 155 år sidan gutungen på Lykling ved ein tilfeldighet fann gull er det på ny spennande planar her heilt vest på Bømlo. Historier skal attforteljast og nye skal skapast. Men denne gongen er det ikkje gullet som er i sentrum. Det er menneska. Gullet blir som det ofte er: Ein liten men eksklusiv del av historia.

Gullvegen Gardstun skal frå 2019 vere ein inn på tunet-gard og besøksgard utanom det vanlege, med utgangspunkt i tradisjonar, kulturhistorie og unik natur skal me jobba for å skape ei stor oppleving for store og små, der trivsel, meistring og glede skal vere forankra i oppleving og læring.

Gullvegen Gardstun skal vere ein stad som utgjer ein positiv skilnad. Vårt mål er at me kan, i samarbeid med kommune, NAV og reiselivsnæringa i Sunnhordland, skape ein plass for alle med små og store utfordringar i kvardagen. 

GULLTIDA PÅ LYKLING - NORGES STØRSTE GULLEVENTYR
"Man tør have haab om i en nær Fremtid paa Bømmeløen, der hidintil har været anseet som et af de fattigste strøg paa vaar Vestkyst, at se en virksomhed, som er uden sidestykke hertillands."
Dette skriv «Dagbladet» i april 1884. Året før vart det i Storhougen Grube minert ut ein stein som synte seg å innehalda 1/2 kilo gull verdt 1110 kroner. Dette løyste ut ein grenselaus optimisme, i stor grad spreidd av sensasjonelle oppslag i «The Times som i norske aviser». Dei kvite kvartsgongane som sprenger seg opp i det gråe berget ned mot havstranda på Lykling, inneheldt større klumpar og årer av gull enn det dei engelske ingeniørane hadde sett i kvartsårene på gullfelta i California og i Australia. Med dette byrja Noregs største gulleventyr!

Det heile starta i 1862, då ein gjetargut fann ved tilfeldighet den første gullklumpen på Lykling. Med det tok 20 år før gullfeberen braut laus. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med fleire hundre mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst.  I løpet av to år vart det meldt over 1200 funn til lensmannen i Finnås. Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men og ei rekke “enkeltmannsføretak”, snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca. 25 åra gruvedrifta varte. To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta.

Dette er ein liten og kort introduksjon til historia. Gullvegen Gardstun formidlar og fortel om «Gullgruvehistoria» som utspant seg på Lykling på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet. Kom og ta del i, og opplev historia og «Gull-spelet» på Lykling.

GARDSHISTORIA VÅR «FRÅ FISKARBONDE TIL BESØKSGARD»
Historia til dagens Gullvegen Gardstun er ei lang og spanande forteljing. Det heile byrjar på 1820-talet. Plassering og lokasjon gjorde garden perfekt for ein skipslos. Dette var grunnen til «Aslak Los» så han vart kalla, busette seg på garden. Her kunne han sitja på speidar-haugen sin og kikka vestover ut mot havet, her speida han etter seglskuter som hadde heist los-flagget og som trong hjelp frå ein lokalkjent los, i farvatnet her på vestkysten. 

Men det var ikkje før i år 1861, min (Sindre) familie kom til gards. Som då vart starten på vår familiegenerasjons-historie her på Gullvegen Gardstun. 

I 1861 kjøpte min tipp-tippoldefar, Thor Olsen, bruk nr. 2 og 3 her på Lykling. Han tok med seg sin familie frå Teigland på Moster. Han synte at garden kunne være perfekt plass for hans familie der dei kunne kombinere fiske og jordbruk. Her fekk han blant anna to søner, Ola (f. 1861) og min tippoldefar Lars (f. 1863). Når tida var inne overtok Ola bruk nr. 2, som i dag er Urastølen. Og Lars overtok bruk nr. 3, som i dag er Gullvegen Gardstun, bruket som den tida vart kalla for Markaplasset.

Medan Thor framleis var eigar av garden, nådde gullfeberen på Lykling også Gullvegen Gardstun. I gulltida, hovudsakeleg 1882-1898, vart det skjerpa og leita etter gull på garden. Gruvegangane på garden vart kalla opp etter ikoniske Harald Haarfagre. Den store kvartsåra i Harald Haarfagregangen vart bora og sprengt i. Dette var drifta av Maren Elisabeth Jonassen, meir kjent som Madam Jonassen. Ho var velståande hotelleigar frå Haugesund, og slo seg opp som eigar og var sterkt delaktig i gulltida på Lykling. Ein av gruvene ho var delaktig i var Haugesundsgangen, ein av gruvene med størst førekomst av gull på Lykling. 

Medan gullfeberen var i fokus på Lykling på 1880-talet. Hadde min tippoldefar, Lars reist til Amerika og fått seg arbeid. Han arbeida blant anna i Standard Oil i Chicago. Til Amerika hadde også fleire av hans nære familiemedlemmar emigrert. Dette var noko av grunnen til han på 1890-talet prøvde å overtala si dåverande kone, Karoline, til å flytta med han frå Lykling til Amerika. Men ho ville ikkje ta den lange sjøreisa til Amerika med små born. Dette vart ei viktig og avgjerande avgjersle og forløpar for at dei overtok og busette seg på garden til Gullvegen Gardstun i 1901.

Lars og Karoline fekk blant anna sonen og min oldefar, Thor (f.1904), som seinare i 1938 overtok garden. Då tok han med seg kone og tre døtrer til gards frå Kammaren der dei budde. Mi bestemor («Besso»), Laura Karoline (f. 1929), var i oppveksten sterkt delaktig i gardsdrifta på garden, der ho blant anna rodde morgon og kveld ut til Lyklingholmen for å mjølka kyrne. I all slags vær, og for de som kjenner vestlandsværet, veit at det kan være ganske utfordrande. Her jobba ho og stod på fram til ho sjølv gifta seg og stifta familie med min bestefar («Bessen»), Andreas Larsen i byrjinga av 1950-talet. Dei busette seg etter kvart i Setramyro på Lykling.

I 1955, blei min far Thor Audun født. Han hadde i oppveksten eit godt og nært forhold til sin bestefar, Thor, som han vart oppkalla etter. Dette blei ein av grunnane til at han i 1974 overtok garden etter sin bestefar. 

Far min har utvikla garden fram til no saman med mi mor Marit Johanne som kjem frå Jæren. Med inspirasjon frå gulltida på Lykling bygde dei på slutten av 1980- og starten på 1990-talet opp gullvaskeleiren på garden. Denne ligg ved Harald Haarfagre-gangen. 

Mine foreldre har fått tre søner i løpet av tida på garden. Der eg som yngste son og sjette generasjon på garden, skal overta drifta og den spanande utviklinga av Gullvegen Gardstun.

Saman med min sambuar Runa ynskjer eg å vidareformidla familietradisjonen, historia og kulturen, og skape ein plass for alle og ein. Her skal me forsetja den spanande reisa og laga eit flott kapittel i boka om familien vår her på Gullvegen Gardstun!


Sindre og Runa i utviklinga av Gullvegen Gardstun

Sindre Larsen og Runa Alvsvåg Folgerø

Utviklinga av Gullvegen Gardstun blei starta mai 2017. Sidan då har me jobba for å tilpassa garden best mogleg som Inn på tunet-gard og besøksgard. Det har vore mykje anleggsarbeid i denne perioden. Me har restaurert bygningar, nye bygningar har blitt bygd, vegar har blitt laga. Me er framleis ikkje heilt i mål. Men me legg stein for stein, jobbar målretta for å skape den unike plassen me trur og vil Gullvegen Gardstun skal bli.

Støttepartnarar undervegs

Gullvegen Gardstun har i denne perioden vore inkubatorbedrift i Atheno AS. Dette etter å ha fått god rettleiing gjennom etablerartenesta Atheno tilbyr og som Bømlo kommune finansierer og støttar. Me har og fått investeringsmidlar frå Samarbeidsrådet i Sunnhordland og Innovasjon Noreg. Den gode støtta og hjelpa frå fantastiske folk hos desse ulike aktørane, med rådgjeving, kurs, møter, og nettverksbygging har gjort det mogleg for Gullvegen Gardstun å fortsetja den vidare utviklinga. 

Så bli med og følg oss vidare, både på heimesida og Facebook-sida vår! Det er mykje spanande som skjer framover på Lykling og Gullvegen Gardstun. 

Beste helsing Runa og Sindre
Share by: