Gåvekortsystem for Stormhyttene lansert

  • By Gullvegen
  • 26 Oct, 2022

Gje nokon du er glad i ei unik gåve

Det nærmer seg jul, kanskje eit jubileum eller kanskje du vil overraska nokon du er glad i med ei fin gåve. Kunne ei natt i ei av Stormhyttene vore noko? 

Då har me noko kjekt å fortelja deg:

Endeleg har me lansert gåvekortsystem for Stormhyttene, der du kan gi ei gåve, heilt utanom det vanlege!

Bestilling skjer så enkelt at du går inn på https://www.gullvegengardstun.no/gavekort

Du legg inn bestillingsinformasjon i tekstfelt, og me gjer klart digitalt-gåvekort til deg og sender betalingslenke på SMS. Når betaling er registrert blir gåvekortet sendt til deg på mail, og du kan skrive ut kortet og gi det til den eller dei heldige.

Og når dei vil løyse inn gåvekortet sitt, tar dei kontakt med oss og oppgir gavekort-kode, og me finn ein dato som passar dei.

Gyldigheit på gåvekort: 1 år

Pris pr. natt (2 gjester): 2900kr

Behandlingstid utsending av gåvekort: 1-2 virkedager


Ta kontakt viss noko skulle vere uklart, eller du lurar på!


Beste helsing

Sindre og Runa


By Gullvegen 24 Jun, 2022
Ta orkesterplass når naturen spelar opp til dans!

På historisk gullgravargrunn og tett på storhavet kan me love ei overnatting og sanseoppleving av dei sjeldne. Me vil gje deg eit minne for livet. Velkomen skal du vera!

Endeleg er me klar for lansering av booking til Stormhyttene, frå Juli måned kan du overnatte i i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo.

Stormhyttene på Lykling er eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Der me lanserer i byggefase 1-  to stormhytter, GoldenEye South og GoldenEye North.

Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen!

Link til booking:

GoldenEye South
https://airbnb.com/h/stormhyttene-goldeneye-south

GoldenEye North
https://airbnb.com/h/stormhyttene-goldeneye-north
By Gullvegen 25 Mar, 2021

Korona-venleg påsketur og aktivitet for familiar med store og små, i det kulturhistorisk gullgruvområde på Lykling, der gullgravarane satt sitt avtrykk på slutten av 1800-talet i jakta etter det edle metall.

No er me jakt etter ei ny oppleving god som gull, og kanskje nokon flotte premiar for deg og dine?

Sjå facebook-arrangement for meir info og turkart:

https://www.facebook.com/events/266113051862971/permalink/266113061862970?notif_id=1616705396850490&...


For minimera oppsamling av familiar/lag som går turen samtidig, vil denne gullpåsketur-quizen vere tilgjengeleg frå laurdag (27. Mars) i palmehelga frå kl. 10:00, til og med søndag 1. påskedag (4.April) til kl. 16:00. Totalt over 8 dagar. Trekning og utroping av vinnarlaget skjer kvelden 1. påskedag. Med dette kan familiar gå turen fordelt utover påskeveka og ikkje minst når dykk ynskjer og det passar for dykk.

 

Praktisk info:

Løype:

Rundløype i Gullgruveområdet (sjå turkart i facebook arrangement) med totalt 5 postar med familievennlege spørsmål. I ulik sjangrar og vanskeleghetsgrad.

Lengde: 1,4 km

Varigheit: 20 min (utanom postar med spørsmål)

Terreng: Fin sti, som passar for alle aldrar. Det er også mogleg å kunne å ha med barnevogn. (NB: det er eit parti der det er litt steinete)

Parkering: Parkeringsplass til høgre etter Oscarsgruva, eller ved snuplass. NB: Dette er i Gullgruveområdet og ikkje ved gardstunet. (sjå turkart)

 

Premier:

1. Laget med høgast poengscore på quizen, vinn eit flott Saueskinn frå Gullvegen til verdi av 1800kr

2. Laget med mest kreativ lagnamn, vinn ein spanande forundringspakke. Så her gleder me oss til kreative lagnamn!

3. I tillegg vil me har trekning på 2 forundringspakkar til lag som har deltatt. Så her har alle sjangs til å vinna! 😊

 

Deltaking og gjennomføring: (Det vil vere informasjonskilt/post med informasjon, kart og gjennomføring ved parkeringsplass – sjå turkart)

For å kunne vere med på quizkonkurranse, må ein betale via VIPPS til Gullvegen Gardstun. Og sende inn svar i etterkant.

VIPPS nr: 528798 eller søk opp Gullvegen Gardstun via VIPPS appen.

Pris per lag: 100kr (NB: Hugs å merk betalinga med lagnamn og Kontaktperson)

VIKTIG: Alle må ha med eiget ark (penn og papir), notatblokk eller nettbrett/mobil til å notere svara på spørsmåla. (Dette pga. for å unngå kontaktpunkt – for å kunne halde godt smittevern).

Innsending av svar (til dømes bilde av «svarark») kan sendast på mail til sindlar@hotmail.com , eller via Facebook-Messenger til Gullvegen Gardstun. Hugs å skriv lagnamn, kontaktperson og kontaktinformasjon ved innsending.

Det vil også vere postkasse ved informasjonsposten v/parkeringsplass, der ein kan legge svarark viss ynskeleg og ein har svart på spørsmåla med vanleg ark.

 

Korona-retningslinjer for turen (Etter samråd og dialog med kommuneoverlege):

Det er viktige å presisere at familier og lag skal følge gjeldende retningslinjer og holde god avstand til andre (i tråd med nasjonale anbefalinger), og hindre at det blir opphoping av folk, f.eks i forbindelse med parkering eller poster. Personer som er i karantene eller som har luftveissymptomer skal ikke delta.

Me håpar at dette kan vere noko positivt å gjera i for familiar no i påsken, slik som ståa og situasjonen er. Her kan gå i frisk luft, gå ein flott tur og ha ein kjekk aktivitet å gjera. Håpar dykk har lyst til å ta turen til gullgruvene i påsken!

 

Vel møtt og god tur! 😊

By Gullvegen 06 Jul, 2020

Likar du Farmen på tv, og har lyst til å teste ut noko liknande sjølv? Då kan du leige Gullvegen Gardstun for éin dag i sommar. Tilbodet er retta mot storfamiliar, vennegjengar, naboar og andre grupper som er nysgjerrige på bonde- og gullgravarliv.

 

Gullvegen Gardstun snur seg om og tilpassar sommarsesongen til den gjeldande korona-situasjonen.

-        Me opplever stor interesse for gardsbesøk for større og mindre grupper, men me set smittevern og tryggleik i høgsetet for dei besøkande. Difor droppar me dei opne dagane som tidlegare har samla 200 - 400 besøkande på éin dag. I staden kan familiar, venegjengar og andre no få leige «heile» garden éin dag á fem timar, fortel Sindre Larsen ved Gullvegen Gardstun.

Farmen-konkurransar som kan trigga konkurranseinstinktet

Dei har sett prisen til 250 kr for vaksne og 200 for born og 4000 kroner som minstepris for grupper inntil 20 personar. Maks gruppestorleik er 30 personar. For dei minste under tre år er det gratis. Det er høve til å grille mat for dei som ynskjer det. Det er og kiosk med brus, mineralvatn, is og anna snacks på garden. Det er og mogleg å kjøpe ferdaminne som eit lite reiseminne frå å ha vitja garden.

-        Me håpar og trur at dei besøkande ser verdien av ei annleis og spanande aktivitetsoppleving. Dette vert noko heilt anna enn ein aktivitetspark med karusellar og tivolibodar. Her snakkar me ekte vare! På desse speialtilpassa dagane kan ein oppleve gardslivet, leite etter gull og andre mineraler i gullgravarleiren, delta på Farmen-konkurransar - og gjerne ha interne familie- eller venneduellar om ein ynskjer det.

Ei annleis oppleving

Gullvegen Gardstun har opparbeidd ein lojal kundekrets dei siste åra. Garden har ei rekke ulike typar husdyr som ein kan helse på. Gullgravarleiren som og ligg på den idylliske garden, er svært populær blant dei yngste, og farmen-aktivitetar triggar både ungdommar og vaksne.

-        Alt i alt kan ein her få ein aktivitetsdag utanom det vanlege. Som vertskap vil me vere tilgjengelege gjennom heile dagen, og me vil hjelpe til å organisere aktivtetar for dei som kjem. Me håpar både Bømlingar og andre som har lyst på ei annleis oppleving, grip sjansen denne sommaren, avsluttar Larsen.

Tilbodet startar opp 13. juli og vil vere tilgjengeleg gjennom heile sommaren fram til 09. august. Plass må tingast på førehand. Dette kan gjerast ved å sende melding via kontakt-fanen:  https://www.gullvegengardstun.no/kontakt ,

eller kan du sende melding på messenger, via facebook sida vår:  https://www.facebook.com/gullvegengardstun/

By Gullvegen 30 Apr, 2020

I høve situasjonen me alle blir ramma av i desse dagar, får det også ein del konsekvensar for oss på garden. Me blir nøydd til å gjere ein del endringar og ikkje minst kansellere/utsette arrangement og bestillingar på garden på ubestemt tid. Me er og blitt nøydd til å gjere ein del tiltak for å kunne halde den daglege gardsdrifta oppe, for no går me inn i sårbar tid med lembing og kalving. Det er då særs viktig at me på garden klarer å halde oss friske, slik at me kan halde hjula i gong på garden og fylgje dette opp. På grunn av dette blir me nøydd til å halde garden stengt for besøkande på ubestemt tid, dette gjeld også for dei som kjem for turen sin del utan avtale!

Arrangement som blir kansellert/utsett:

• Gullgruvevandring, Langfredag i Påske

• Bestillingar og andre arrangement, i første omgang for april månad. (Me tek kontakt med dei som allereie har bestilt arrangement i april, for å evt. finne ny datoar)

Det er ei spesiell tid me er i no, ei tid som me no går i møte der me ikkje kjenner heilt slutten på! Som på sikt kan få ein del konsekvensar for vidare satsing for oss på garden. Her er me i same båt som mange andre bedrifter. Men det viktigaste no er at me held oss friske, slik at me kan avgrensa vidare smitte, spesielt for dei som er i risikogruppa.
Derfor håpar me at alle og ein tek det roleg, tek førehandsreglar og viktigast av alt, held seg friske!

Me gjer som me Vestlendingar alltid gjer før stormen treff land: me skalkar lukene, held oss roleg så rir me den av!

Ta vare på kvarandre, så sjåast me når dette er over. Og me ser fram til fleire flotte stunder saman med dykk på garden 💛

Beste Helsing frå
Sindre og Runa

By Gullvegen 30 Jun, 2019
Sundag 07. juli, Sundag 21. juli og Sundag 04. August inviterer me til open gard på Gullvegen Gardstun. Alle dagar frå kl. 12-16.

Her vil ein få moglegheita til å sjå kor langt me er kome på denne utviklingsreisa til Gullvegen Gardstun. Samt oppleva dyr, gardsliv og gullgraving/mineralleiting.

Det vert kiosk med sal av enkel mat (salt og søtt) og drikke.

Til info, me har kort-terminal.

Prisar:
Gardsbillett, per person: 50kr.
Gardsbillett, familie (foreldre/føresette og barn): 150kr.
Med desse billetane vil ein få helse på dyra, oppleva gardslivet og stemninga.

Gullgravarbillett, per person: 150kr.
Gullgravarbillett, familie (foreldre/føresette og barn): 350kr.
(Me har eit visst antal med gullgravar-utstyr, så her kan det vera lurt å vera tidleg ute)
Med desse billettane inngår «gardsbillett», samt opplæring i gullgraving, leige av gullgravar-utstyr og ein får moglegheit til å ta med seg ein fin stein heim.

Barn under 3 år: gratis.

Sjå facebook-event for meir info:
https://www.facebook.com/events/2221145581271879/?notif_t=event_friend_going&notif_id=1561922530760131

Me håpar du og dine har lyst til å ta turen og oppleva ein fin dag saman med oss!

Vel møtt!

Helsing Sindre og Runa
Gullvegen Gardstun
By Runa 29 Mar, 2019
I have finally decided to take the plunge and add a blog to my site. I always wanted an easy way to share information with visitors and super excited to start this journey. Keep coming back to my site and check for updates right here on the blog.
Share by: