Opplev Gullvegen Gardstun

Opplev Gullvegen Gardstun

Gullvegen Gardstun er ein besøksgard utanom det vanlege. Me fremmar gullhistoria på Lykling! 
Her er gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap og yrande gardsliv. 

Gullvegen Gardstun tar i mot gruppebestillingar for både bedrifter og private.
 Me har fastpris på grupper opp til 10 personar. Deretter blir det eit tillegg på pris per person. 
Pris varierer etter kva aktivitetar, mat, og skreddarsydd opplegg ein ynskjer. 
Ta kontakt for spørsmål rundt bestilling og prisførespurnad.

Vår oppmoding er difor: Kom og del ei oppleving i lag med oss på Gullvegen Gardstun du også! 



Gullvegen Gardstun tilbyr: 
Familiekonkurransen - Farmen og mesternes mester dag på Gullvegen

Dette er aktivitetsdag som kan tingast, tilpassa familiar og born frå 5 år. Ta med deg familie, venner og naboar til ein dag på Gullvegen Gardstun. Kom og lag di eiga «Farmen» oppleving!
 
Teambuilding for bedrifter

Teambuilding-arrangement vil me skreddarsy ein pakke som passar di bedrift. Garden har mange moglegheiter til tilpassing, aktivitetar, historie og servering. Kom og opplev ein dag i lag med dine kollegaer i historiske omgjevnader!
 
«Lott og løye på Gullvegen» for vennegjengar og andre lag

Ting ein dag for vennegjengen din, øl-klubben, strikkeklubben eller andre lag. Dette er ein dag, der Kos med stor «K» står i fokus. Her skreddarsyr me aktivitetar, historieforteljing, lokale og servering for kvar gruppe. Finn roen i unik omgjevnad, og kom og del ein dag i lag med fine folk!
 
Barneselskap

Ting ei bursdagsfeiring for barnet ditt på Gullvegen Gardstun. Me skreddarsyr gode aktivitetar med konkurransar og gullgraving. I tillegg vert det sjølvsagt høve til å møte dyra og få ei god gardsoppleving. Dette er ei bursdagsfeiring utanom det vanlege!
 
Gards og gullgravarbesøk for skular, barnehagar og sommarleirskular

Ta med klassen eller gruppa di og opplev gullhistoria vår. Ein tur med aktivitetar og forteljingar der du får lære meir om tradisjonane, det fantastiske gullgravarlivet på 1800-talet, - og gardslivet hos oss! 
 
Gullgruvehistoria på Lykling

«It`s gold in them hills», sa ein engelsk gruveingeniør då han undersøkte berga på Lykling. Gullvegen Gardstun formidlar og fortel om «Gullgruvehistoria» og «Gull-spelet» som utspant seg på Lykling på slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet. Dei kvite kvartsgongane som sprenger seg opp i det gråe berget ned mot havstranda på Lykling, inneheldt større klumpar og årer av gull enn det dei engelske ingeniørane hadde sett i kvartsårene på gullfelta i California og i Australia. Med dette byrja Noregs største gulleventyr!
 
Gullgravarleir

Gullvegen Gardstun er ein del av det tidlegare gullgruvefeltet på Lykling, og på garden ligg gullvaskeleiren ved «Harald Haarfagres gruber» også kalla «Haraldsgongen». Her er det mogleg å leige gullgravarutstyr og få opplæring i leiting etter det «edle metall» og andre mineralar.

Haraldsgongen «er ein av Bømmeløens betydeligeste». Den var 1-2 m brei og var synleg i dagen over omlag 120 m. Det var sett krav om ½ million kroner for rettane til denne og nærliggjande gruver. Dette skriv den anerkjende geologen Reusch i 1888.

 
Kystlandskap, dyr og gardsliv

Gullvegen Gardstun er ein gard som badar i kystlandskap. Dette er vårt DNA og dette skal me fortsette med, det å formidla vår historie og ivareta kystlandskap, tradisjon, dyreliv, tradisjonell gardsdrift å lage opplevingar rundt dette. 
Arrangement

Gullvegen Gardstun har ikkje fast opningstid, men vil med jamne mellomrom arrangere ulike arrangement, som til dømes «Open-dag» på garden, Gullgravarvandring, marknadar og andre kulturelle arrangement. Så følg med på heimesida vår under «Aktuelt» og Facebook, der vil me legge ut informasjon om arrangement som kjem. 
Share by: