By Gullvegen
•
March 25, 2021
Korona-venleg påsketur og aktivitet for familiar med store og små, i det kulturhistorisk gullgruvområde på Lykling, der gullgravarane satt sitt avtrykk på slutten av 1800-talet i jakta etter det edle metall. No er me jakt etter ei ny oppleving god som gull, og kanskje nokon flotte premiar for deg og dine? Sjå facebook-arrangement for meir info og turkart: https://www.facebook.com/events/266113051862971/permalink/266113061862970?notif_id=1616705396850490&... For minimera oppsamling av familiar/lag som går turen samtidig, vil denne gullpåsketur-quizen vere tilgjengeleg frå laurdag (27. Mars) i palmehelga frå kl. 10:00, til og med søndag 1. påskedag (4.April) til kl. 16:00. Totalt over 8 dagar. Trekning og utroping av vinnarlaget skjer kvelden 1. påskedag. Med dette kan familiar gå turen fordelt utover påskeveka og ikkje minst når dykk ynskjer og det passar for dykk. Praktisk info: Løype: Rundløype i Gullgruveområdet (sjå turkart i facebook arrangement) med totalt 5 postar med familievennlege spørsmål. I ulik sjangrar og vanskeleghetsgrad. Lengde: 1,4 km Varigheit: 20 min (utanom postar med spørsmål) Terreng: Fin sti, som passar for alle aldrar. Det er også mogleg å kunne å ha med barnevogn. (NB: det er eit parti der det er litt steinete) Parkering: Parkeringsplass til høgre etter Oscarsgruva, eller ved snuplass. NB: Dette er i Gullgruveområdet og ikkje ved gardstunet. (sjå turkart) Premier: 1. Laget med høgast poengscore på quizen, vinn eit flott Saueskinn frå Gullvegen til verdi av 1800kr 2. Laget med mest kreativ lagnamn, vinn ein spanande forundringspakke. Så her gleder me oss til kreative lagnamn! 3. I tillegg vil me har trekning på 2 forundringspakkar til lag som har deltatt. Så her har alle sjangs til å vinna! 😊 Deltaking og gjennomføring: (Det vil vere informasjonskilt/post med informasjon, kart og gjennomføring ved parkeringsplass – sjå turkart) For å kunne vere med på quizkonkurranse, må ein betale via VIPPS til Gullvegen Gardstun. Og sende inn svar i etterkant. VIPPS nr: 528798 eller søk opp Gullvegen Gardstun via VIPPS appen. Pris per lag: 100kr (NB: Hugs å merk betalinga med lagnamn og Kontaktperson) VIKTIG: Alle må ha med eiget ark (penn og papir), notatblokk eller nettbrett/mobil til å notere svara på spørsmåla. (Dette pga. for å unngå kontaktpunkt – for å kunne halde godt smittevern). Innsending av svar (til dømes bilde av «svarark») kan sendast på mail til sindlar@hotmail.com , eller via Facebook-Messenger til Gullvegen Gardstun. Hugs å skriv lagnamn, kontaktperson og kontaktinformasjon ved innsending. Det vil også vere postkasse ved informasjonsposten v/parkeringsplass, der ein kan legge svarark viss ynskeleg og ein har svart på spørsmåla med vanleg ark. Korona-retningslinjer for turen (Etter samråd og dialog med kommuneoverlege): Det er viktige å presisere at familier og lag skal følge gjeldende retningslinjer og holde god avstand til andre (i tråd med nasjonale anbefalinger), og hindre at det blir opphoping av folk, f.eks i forbindelse med parkering eller poster. Personer som er i karantene eller som har luftveissymptomer skal ikke delta. Me håpar at dette kan vere noko positivt å gjera i for familiar no i påsken, slik som ståa og situasjonen er. Her kan gå i frisk luft, gå ein flott tur og ha ein kjekk aktivitet å gjera. Håpar dykk har lyst til å ta turen til gullgruvene i påsken! Vel møtt og god tur! 😊