Oppdatering frå Gullvegen
Kva gjer Covid 19 situasjonen for oss på garden?
I høve situasjonen me alle blir ramma av i desse dagar, får det også ein del konsekvensar for oss på garden. Me blir nøydd til å gjere ein del endringar og ikkje minst kansellere/utsette arrangement og bestillingar på garden på ubestemt tid. Me er og blitt nøydd til å gjere ein del tiltak for å kunne halde den daglege gardsdrifta oppe, for no går me inn i sårbar tid med lembing og kalving. Det er då særs viktig at me på garden klarer å halde oss friske, slik at me kan halde hjula i gong på garden og fylgje dette opp. På grunn av dette blir me nøydd til å halde garden stengt for besøkande på ubestemt tid, dette gjeld også for dei som kjem for turen sin del utan avtale!
Arrangement som blir kansellert/utsett:
• Gullgruvevandring, Langfredag i Påske
• Bestillingar og andre arrangement, i første omgang for april månad. (Me tek kontakt med dei som allereie har bestilt arrangement i april, for å evt. finne ny datoar)
Det er ei spesiell tid me er i no, ei tid som me no går i møte der me ikkje kjenner heilt slutten på! Som på sikt kan få ein del konsekvensar for vidare satsing for oss på garden. Her er me i same båt som mange andre bedrifter. Men det viktigaste no er at me held oss friske, slik at me kan avgrensa vidare smitte, spesielt for dei som er i risikogruppa.
Derfor håpar me at alle og ein tek det roleg, tek førehandsreglar og viktigast av alt, held seg friske!
Me gjer som me Vestlendingar alltid gjer før stormen treff land: me skalkar lukene, held oss roleg så rir me den av!
Ta vare på kvarandre, så sjåast me når dette er over. Og me ser fram til fleire flotte stunder saman med dykk på garden 💛
Beste Helsing frå
Sindre og Runa







