Sommartilbod på Gullvegen for sommaren 2020
No kan du bli bonde og gullgravar for éin dag
Likar du Farmen på tv, og har lyst til å teste ut noko liknande sjølv? Då kan du leige Gullvegen Gardstun for éin dag i sommar. Tilbodet er retta mot storfamiliar, vennegjengar, naboar og andre grupper som er nysgjerrige på bonde- og gullgravarliv.
Gullvegen Gardstun snur seg om og tilpassar sommarsesongen til den gjeldande korona-situasjonen.
-Me opplever stor interesse for gardsbesøk for større og mindre grupper, men me set smittevern og tryggleik i høgsetet for dei besøkande. Difor droppar me dei opne dagane som tidlegare har samla 200 - 400 besøkande på éin dag. I staden kan familiar, venegjengar og andre no få leige «heile» garden éin dag á fem timar, fortel Sindre Larsen ved Gullvegen Gardstun.
Farmen-konkurransar som kan trigga konkurranseinstinktet
Dei har sett prisen til 250 kr for vaksne og 200 for born og 4000 kroner som minstepris for grupper inntil 20 personar. Maks gruppestorleik er 30 personar. For dei minste under tre år er det gratis. Det er høve til å grille mat for dei som ynskjer det. Det er og kiosk med brus, mineralvatn, is og anna snacks på garden. Det er og mogleg å kjøpe ferdaminne som eit lite reiseminne frå å ha vitja garden.
-Me håpar og trur at dei besøkande ser verdien av ei annleis og spanande aktivitetsoppleving. Dette vert noko heilt anna enn ein aktivitetspark med karusellar og tivolibodar. Her snakkar me ekte vare! På desse speialtilpassa dagane kan ein oppleve gardslivet, leite etter gull og andre mineraler i gullgravarleiren, delta på Farmen-konkurransar - og gjerne ha interne familie- eller venneduellar om ein ynskjer det.
Ei annleis oppleving
Gullvegen Gardstun har opparbeidd ein lojal kundekrets dei siste åra. Garden har ei rekke ulike typar husdyr som ein kan helse på. Gullgravarleiren som og ligg på den idylliske garden, er svært populær blant dei yngste, og farmen-aktivitetar triggar både ungdommar og vaksne.
-Alt i alt kan ein her få ein aktivitetsdag utanom det vanlege. Som vertskap vil me vere tilgjengelege gjennom heile dagen, og me vil hjelpe til å organisere aktivtetar for dei som kjem. Me håpar både Bømlingar og andre som har lyst på ei annleis oppleving, grip sjansen denne sommaren, avsluttar Larsen.
Tilbodet startar opp 13. juli og vil vere tilgjengeleg gjennom heile sommaren fram til 09. august. Plass må tingast på førehand. Dette kan gjerast ved å sende melding via kontakt-fanen: https://www.gullvegengardstun.no/kontakt ,
eller kan du sende melding på messenger, via facebook sida vår: https://www.facebook.com/gullvegengardstun/







